Dagane vert kortare, det er tid for å tenkja på kva nytt ein skal læra seg dette året! Kvv kompetanse arbeider for å gje næringslivet i regionen best mogelege kurstilbod, og vi har planlagt ei lang rekke kurs, både korte datakurs og lengre kompetansegjevande utdanningar.
Det vart ei munter og tankevekkjande stund saman med Trond Haukedal i det nye auditoriet på KVV. Omlag 60 personar møtte fram denne gongen, noko vi er godt nøgde med!
Vi inviterer til ny samling for alle interesserte på Kvinnherad vidaregåande skule, denne gongen med inspirator og motivator Trond Haukedal. Du kan gleda deg til eit morosam og lærerik ettermiddag!
Trond Haukedal vart kåra til Årets føredragshaldar 2009, og vi er glade for å få han til kommunen vår.
17. september er det oppstart på det populære kurset Ny som leiar. Dette er det tredje kurset, over 40 fornøgde deltakarar har allerede fullført og teke eksamen.