Vi inviterer til ny samling for alle interesserte på Kvinnherad vidaregåande skule, denne gongen med inspirator og motivator Trond Haukedal. Du kan gleda deg til eit morosam og lærerik ettermiddag!
Trond Haukedal vart kåra til Årets føredragshaldar 2009, og vi er glade for å få han til kommunen vår.
Tittel på føredraget hans er: Arbeidslivet i endring? Korleis skapa framgong i nedgongstider?
Samlinga over temaet vert i auditoriet, KVV
måndag 22. mars klokka 1530 - 1730.
Vi serverer eit måltid mat frå klokka 1500, så kom gjerne rett frå jobb! (Dei som ønskjer mat, må gje ei melding til skulen på tlf 53 47 57 00, eller på mail til brylie@hfk.no )