Psykolog Trond Haukedal sparte ikkje på konfekten då han måndag ettermiddag talte for 60 menneske frå privat og offentleg næringsliv i det nye auditoriet på Kvinnherad vidaregåande skule. Oppdraget, som var gitt han av KVV Kompetanse, var å gi motivasjon til å takla endringar og nye situasjonar i eit næringsliv i motbakke. Om han greidde det, skal vi ikkje uttala oss om, men han skal i alle fall krediterast for å skapa framifrå stemning. Låtten sat svært så laust då poenga rann ut av munnen på mannen som perler på snor, det meste krydra med sanne historier og nye eller gamle vitsar. Haukedal viste til at ein i gjennomsnitt berre får brukt ein tredel av eigenskapane ein sit inne med, og at noko bør gjerast for å frigjera det ubrukte potensiale. God meistring gjev godt sjølvbilde og robust personlegdom som set oss i stand til både å gjera framsteg og takla motgang. – Føresetnaden er at vi gjer oss betre kjende med oss sjølve og unngår å gjera berre det vi kan best frå før – i frykt for å dumma oss ut. Alle er vi litt «Bambi på isen» første gongen. Meistringa kjem etter kvart, forkynte psykologen. Han brukte sex som eitt av fleire eksempel. – Ingen av oss kan skryta over at det første samleiet var perfekt. Men gav vi opp for det? Prosjektleiaren for KVV Kompetanse, Brynjulf Lie, smilte heilt rundt etter det friske føredraget. – Eit spennande føredrag og godt frammøte. Haukedal viser til kreftene i oss sjølve og at vi alle har potensiale til å skapa meir. Slikt er det nødvendig å minna oss på med jamne mellomrom, meinte Lie. |